Akkreditering for media og presse

Skal du dekke Tysnesfest? Kjekt! Me tek gjerne imot både pressefolk, fotografar og andre som vil fortelje verda kor kjekt det er på Tysnesfest.

Presse som søkjer og får innvilga akkreditering, kan hente ut denne i bod ved inngang til festivalområdet. Ta gjerne kontakt med presseansvarlig for å avtale ankomst.

Fortel gjerne i søknaden kva de har tenkt å dekke og jo betre planane er skildra i kommentarfeltet, di lettare er det for oss å seie ja.

Akkreditert presse får tilgang til presserom, med straum og trådlaust internett – alt du treng for å levere saka før deadline (kaffi finn du òg i området, om du leitar litt).

Det er ikkje parkering ved inngang, den er på festivalen sin ordinære parkeingsplass i Vågsmarka 7 (Gamle Windsorbygget). Om du har behov for å laste av utstyr kan du ta kontakt med presseansvarlig og avtale dette.

Fotoakkreditering

Fotoakkreditering må det søkjast om særskilt via epost til christian@tysnesfest.no. Fotografering frå pit framfor scena er berre tillate under dei tre fyrste låtane i kvar konsert.

Film- og lydopptak av konsertar er ikkje tillate utan særskilt løyve frå den aktuelle artisten.

Vil du intervjue artistar? Me set deg gjerne i kontakt med management, men gi beskjed i god tid.
Pressekontakt: Christian Nome Lepsøe, christian@tysnesfest.no 995 42 336