Ekte festival

Velkommen til Camp Tysnesfest – plassen der festivalstemninga aldri tar pause! Her får du nydelige sommardagar, lun festivalprat langt ut i dei små timane, og ein sosial møteplass med topp humør.

Sleng opp teltet eller dra med deg vogna, senk skuldrene, og bli kjent med nye venner frå heile landet. Gled deg te masse latter, musikk og minner du aldri gløymer.
Campen ligg i Uggdal, som er eit lite stykke frå resten av festivalområdet, men frykt ikkje! Det er gratis shuttle inkludert i campbilletten<3

Glamping

Vil du oppleva festivalstemning utan teltstress? No kan du leige deg glamping på Tysnesfestcampen! Du kan velje mellom DIY-glamping der du skapar din eigen draumecamp, eller møt opp til ferdig glamping for 4-6 personar med oppreidd seng, kjøleskap og chill loungeområde. Sikre deg glampingplass før dei forsvinn! Begrensa plassar!

Tysnescabin

No kan du leige deg eit rom i ein av våre Tysnescabins i campen! Dette er soverom i ombygde containerar der du får tilgong på ladestasjon, aircondition, dyne og pute, filmprosjektor - ja, kort sagt, ei litt meir behageleg campoppleving!

Bubil og
campingvogn

Velkommen til festivalcampen vår! Her blir det kos, latter og god prat heile dagen. Begrensa plassar som pleier å bli raskt fylt opp, så ver kjapp og sikre deg plass!

Livet i hamna

Festivalhamna vår er sjølve hjartet i Tysnesfest – yrande av liv, musikk og glade folk. Nyt sola på dekk, kjenn rytmen frå livet, og bli med på den gode stemninga når båtar samlast frå fjern og nær. Velkommen om bord til sommarens flottaste møteplass!