Nyheit: Telt i telt!
I år kan du oppleve festivalen på ein heilt ny måte! Sjekk ut vårt nye konsept – telt i telt. Du får ferdig oppsett telt under eit stort overbygg, slik at du er beskytta mot både små dråpar og sterk sol. Det blir enkelt, sosialt, og litt meir komfortabelt midt i festivalcampen!
NB: det blir ikkje mogleg å setje opp eige telt under tak, då me mp halde kontroll på avstandar, rømingsvegar og optimalisering av plassen.
I tillegg kan du i år bu i din eigen bil. Har du ikkje bubil, men ein bil som er eigna for overnatting, kan du stille deg på vår oppstillingsplass for vanlige bilar. Du finn eigne billettar både for telt-i-telt og bil-parkering på billettsida vår.