Såto Opp 2026
Velkommen til Såto Opp - eit trappeløp opp Tysnessåta 753 moh.
SvingenPuls, Venelaget Tysnessåta og Tysnesfest kickstartar Tysnesfestveka torsdag 9 juli med løp og konsert på Tysnessåta. Alle som kjem seg opp dei 1000 trappetrinna, 2 kilometer lange trasèen, og 500 høgdemetra frå start til mål - får i tillegg oppleve ein uforgløymeleg konsert med Odd Nordstoga på fjelltoppen!
Klassar og prisar: (med forbehold om endringar)
10:00 - Mosjonistklasse (ikkje tidtaking). Kr. 200,-.
Familiebillett kr. 500,- (inntil 6 familiemedlemmer).
11:00 - Konkurranseklasse ungdom 12-15 år. Kr. 200,-
11.30 - Konkurranseklasse damer 16-39 år og 40 +. Kr. 300,-
12.00 - Konkurranseklasse menn 16-39 år og 40 +. Kr. 300,-
13.00 - Konsert med Odd Nordstoga.
Dette er andre gong løpet blir arrangert, bli med opp på Tysnes sitt høgaste fjell - dette vil du få med deg! Over 300 deltakarar i fjor!Dette er andre gong løpet blir arrangert, bli med opp på Tysnes sitt høgaste fjell - dette vil du få med deg! Over 300 deltakarar i fjor!
Parkering og shuttlebuss Det er avgrensa parkering her. Me oppmodar sterkt til samkøyring. Frå parkeringa går det shuttlebussar opp til startområdet. Plassane på bussen er avgrensa, og publikum og deltakarar som har vanskar med å gå har førsteprioritet. Skal du rekke konserten kl. 13.00, bør du vere på parkeringsplassen seinast kl. 11.00.
Takk til Tysnes Kraftlag, Sparebanken Norge og lokale sponsorer som gjer arrangementet med løp og konsert mogleg!