Våge sentrum blir fylt med liv og røre når marknadsdagen går av stabelen!
Frå ferjekaien og opp gjennom handelsgata blir det yrande liv med fargerike innslag, underhaldning og små overraskingar rundt kvart hjørne. Her kan du møta artistar og ablegøyer som skaper smil og god stemning for både små og store.
For dei minste blir det kjekke aktivitetar og ansiktsmåling – perfekt for små heltar, dyr og fantasifigurar som vil setja litt ekstra farge på dagen.
Langs kaien og i sentrum finn du salsboder med lokal mat, handverk og andre fine skattar frå Tysnes og omegn. Her ligg alt til rette for ein triveleg dag med gode smakar, hyggelege møte og mykje å oppleva.
Marknadsdagen er ein møteplass for heile familien – full av liv, opplevingar og den heilt spesielle festivalstemninga i hjartet av Våge.