|
På ”Marknadsdagen” 10. Juli, under Tysnesfest 2010 blir det som vanleg kassabil-løp. Dette er ein god tradisjon som er svært populær hjå dei fleste.
|
|
Bana vert i år fordelt over 2 etapper, avskild med ein pitstop, totalt 285 m.
I Pit’en må bilen stå heilt i ro, før den kan setja i gang med 2. Etappe.
Difor er det viktig med gode bremser på bilen.
Også dette året er at TF har meldt på 1 stk "kassabil" til NM / NORDISK 4.september i Oslo sentrum.
Tysnefest vil derfor i år ha 2 klasser i løpet.
- "Tysnesfest open"-klassen
- Regler:
-Aldersgrense for å delta er 5 år -Kassabilen må ha styring, bremser ogmå vera konstruert slik at den ikkje er til fåre for førar eller tilskodar. -Køyring skal føregå med hjelm. Premiering for raskaste bil, finaste bil og sjarmørpris
- "Tysnesfest Mesterskap"-klassen.
Deltakarane tevlar i denne klassen om plass i NM / NORDISK.
Premie: 2000 kr. i reisekassenfor turen til Oslo
|
 |
|
Reglar for "Tysnesfest Mesterskap"-klassen og NM / Nordisk 2009
Tysnesfest må fylgja same reglane som NM / Nordisk, og dei som vil vera med å tevla i denne klassen må fylgja desse krava. Nærare info om NM / NORDISK finn du på olabil.no. Her finn du også ide`ar om korleis du kan byggja ein kassabil.
Aldersgrense 7 år
Reglar som lyt fylgjast. Gjeld "Tysnesfest Mesterskap" klasse og NM/Nordisk
- Kassabilen skal vera konstruert slik at den ikkje kan vera til fåre for sjåfør eller tilskodar.
- Bilen skal ikkje ha skarpe spikrar, skruer eller andre framandelement som stikk ut som kan skade fører eller tilskodar.
- Bilen kan byggjast i valfritt materiale, men tre er mest estetisk.
- Bilen bør bli konstruert slik at førarens føter ikkje kan koma mellom vegen og bilen, men arrangør ser at det kan vera viktig å kunne setje føtene ned i vegen. ( du vèl dette sjølv, men pass på).
- Bilen skal ha ei effektiv og lettbetjent brems.
Her må bremsa bli testa ut om den verkeleg fungerar !!! husk at fotbrems er best.
- Styringssystemet skal vera av slik art at bilen kan bli kontrollert enkelt og trygt frå "cockpit`n" Taustyring er ikkje å anbefala då bilen lett veltar. Styresett kan du kjøpa hjå olabil.no
- Bilen siklåring over bakken bør ikkje vera meir enn 20% av bilen si totalhøgd.
- Type hjul er valfritt, men må bli montert forsvarleg.
Hjula kan ha ein maks ytre diameter på 50 cm.
- Bilen skal ha 4 hjul, og det må vera nesten lik hjulavstand på fram- og bak-aksling.
- Bilen bør / skal ha ein eller annan form for veltebøyle slik at nakke og hovud på fører er skjerma ved velt.
- Alt av "ekstrautstyr" skal vera solid fastmontert.
Det er ikkje tillete å gjera bilen kunstig tung.
- Sjåføren skal ha hansker og hjelm under løp og testkøyring. Heildekkande tøy er å føretrekkja.
|
|
Grunna stor pågong både med publikum og deltakarar dei siste åra ser TF seg nøydde å ha ein tryggleiks-kontroll av bilane i god tid før løpet. Denne kontrollen vil bli halden søndag 4 juli kl 12:00 på parkeringsplassen til Tysnes Kraftlag, Våge. Etter kontrollen kan ikkje bilane som vert godkjend for løp, byggjastom utan avtale med arr.
Påmelding kan du gjera her: og evt. spørsmål til begge klassane kan rettast på straumpost til
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Frist for påmelding 3. juli.
|
|