Følg med Tysnesfest

Facebook Group: 2352383289 YouTube: results?search_query=tysnesfest&search_type=&aq=f External Link: www.tysnesingen.no
Del denne på facebook
striper7660

omoss

 

Tysnesfest sitt overordna mål er å bli eit kulturelt fyrtårn innan 2012, som kan løfta Tysnes-samfunnet opp, og gje oss tru på framtida.

Tysnes er ein kommune som har slete med fråflytting av ungdommar. Me er nokre ungdommar som ynskjer å gjere noko med dette, samt skapa positivitet rundt øya vår.

Etter årets Tysnesfest 09, med 13481 besøkande og særs gode tilbakemeldingar, føler me at me er i ferd med å nå målsettinga.

 

 

visjon

Visjonar for Tysnesfest 2012:

  • familiefestival kjent i heile Noreg
  • solid økonomi
  • løfta kulturlivet i kommunen/regionen
  • vera eit lokomotiv som kan inspirera andre til å leve ut sine draumar i eit lokalsamfunn
  • vera ein økonomisk bidragsytar i  prosjekt som kan løfta både Tysnesfest og lokalsamfunnet.
  • bidra til at Tysnes blir omtalt i ein positivt setting
  • innvistera i utstyr som kan komma heile lokalsamfunnet til gode
  • bidra til å halda liv i det lokale næringslivet, og kanskje inspirere til ny satsing
  • bidra til at ungdom blir tatt med i eit ungt og dynamisk miljø der dei får moglegheiter til å utvikla seg på ein positiv måte, samt få tilhørigheit til Tysnes som gjer at dei kanskje blir buande
  • eit program for ”alle.” Tysnesfest skal strekka seg langt for å finna noko for alle mellom 0 og 100 år.

P7127464

Kunstnariske målsettingar:

  • Tysnesfest skal ha eit folkeleg preg med fokus på den maritime kulturen vår. Ein prøver å flette inn arrangement på stader som er spesielle for Tysnes, og få artistar som passar til dette.
  • Me arrangerer også forskjellige konsertar og arrangement ombord på dei gamle fjordbåtane som gjekk i rute til og frå Tysnes. På denne måten føler me at me klarer å vidareføra litt av kulturarva til nye generasjonar, samstundes som ein får ei annleis konsertoppleving.
  • Me strekk oss langt for å berre vera ein ”vanleg” musikkfestival, og arrangerte i 2009 aktivitetar som bluescruise, ”ship in kino”, Helge Jordal/ Terje Vigen i Kjevikjo, samt opera på det lokale galleriet og mange andre mindre arrangement. Det vart også arrangert ein marknadsdag med musikalske innslag som trakk 5000 menneske.
  • Ein skal ha eit høgt kvalitetskrav på artistane, og det skal vera ein headliner kvar dag frå torsdag til søndag som appellerer til eit bredt publikum, men me skal og jobba for å ”krydra” med nye artistar som me har trua på.
  • Me er samstundes særs opptatt av  at lokale krefter/artistar får moglegheit til å opptre og utvikla seg vidare for eit stort publikum.
P7127695
Sist oppdatert torsdag 11. februar 2010 11:50