|
TysnesFest Rockseminar 2010
Eit samspelseminar for ungdom i alle aldrar,- med rocka rettleiing av engasjerte og erfarne musikarar
”Do you wanna ROCK??”
Tysnesfest inviterar hermed alle musikkinteresserte ungdomar til pop&rock-seminar 07.-09. Juli, med konsertframføring på stor utescene som avslutning. Kompetente instruktørar vil stå for kvalifisert og inspirerande rettleiing i samspel og instrumentundervisning, og det vil verta mange gode ”tips og triks” å henta for dei som melder seg på! Etter tre dagar (omkring 20 timar) med kontinuerlege bandøvingar og gruppetimar, vil dei samansette rockebanda halda festkonsert på Utescena i Våge til glede for alle interesserte. Klikk her for tidspunkt (festivalprogram).
|
|
Instruktørar
Dei fem instruktørane Jan Petter Myklestad, Kjetil Dalland, Øystein Kvinge, Roger Sjøvold Dalland og Stine Larsen, held solid nivå på sine respektive instrument. Dei har alle høgare musikkutdanning, og representerar både ekspertise og erfaring innan samspel, arrangering, framføring, formidling, samt praktisk nytte av musikkteori. Spisskompetansen deira er SONG, GITAR, TANGENTAR, BASS og TROMMER, men alle er velkomne til å melda seg på, uansett instrument! Presentasjon av instruktørane finn du her:
Seminarinfo
Tid: Onsdag 7.juli til fredag 9.juli, frå kl.10:00 til kl.17:00 Stad: Tysnes Skule/Utescena i Våge
Rockseminar pris: 800,- pr elev 1500,- for 2 søsken 2000,- for 3 søsken.
Påmelding innan: 15.juni 2010
NB: Generelle opplysingar, samt eventuelle endringar, vil verta lyst ut på TYSNESFEST sine heimesider. Når påmeldinga di er registrert, får du informasjon om eventuelle endringar tilsend direkte (via din kontaktinformasjon).
Påmelding:
Seminaret har fri aldersgrense, men festivalen ynskjer at ungdom i alderen 12-18 år får eit fortrinn i påmeldinga. Meld deg på her: 
NB: Seminarleiinga tar atterhald om eventuelle praktiske utfordringar knytt til påmeldinga (instrumentgrupper, bandsamansetjing, plasskapasitet. etc.), men vil strekka seg lengst muleg i å legga høva til rette for alle påmelde.
|