|
Tandemturar med paraglider
Erfarne pilotar frå Hardanger paragliderklubb kjem i år, som i fjor, til Tysnes, og ynskjer å gje deg ei oppleving du seint vil gløyme. Er du eventyrlysten og klar for ein luftig tur, er dette noko for deg!
|
|
Med ein tandemparaglider kan to personar fly saman. Det er ei stor oppleving å sveve som fuglar med ein fantastisk utsikt.
Paraglideren i seg sjølv er utforma etter fly-vinge-prinsippet, og har etterkvart fått svært gode eigenskapar for flyging. Vinga kan stige med varmluft eller henge oppe på vind inntil fjellsider, terreng o.l.
Piloten kan halde seg i lufta i mange timer under gode forhold. Turen startar frå bakken og de vil bli dratt opp med båt. Etter ei viss høgd slepp lina og de flyr sjølve. Kor lenge turen varar, varierer mykje og er avhengig av vêr og vind, men ein kan normalt rekne alt frå 10-30 minutt.
|
 |
|
Det vert lagt svært stor vekt på sikkerheiten ved tandemflyging. For å kunne bli tandempilot vert det krevd ein del av piloten. Piloten er erfaren og har gjennomført ein spesiell utsjekk for å få lisens for tandem. Denne sikrar at piloten er i stand til å ta vare på sikkerheiten og sørgjer for at du landar trygt etter endt tur.
Utstyret som vert nytta er testa og godkjent etter strenge reglar. Tandempiloter og andre piloter på samme nivå har lang erfaring med å tolke vêret og flyforholda. Ein tandemtur startar ikke uten at det er fine forhold for å ta med passasjerar. Personen må ha normal fysisk form. Det vil ikkje bli spurt om legeattest eller lignende, men du må skrive under på ei eigenerklæring. (maks personvekt ca. 100kg)
Turen kostar 1500 kr per person. For påmelding og/eller eventuelle spørsmål, ta kontakt med Robert Rykkje på tlf.: 47409524. Tandemturane vil foregå frå 9.- 11. juli.
|
|
|
Sist oppdatert torsdag 08. april 2010 17:08 |