Følg med Tysnesfest

Facebook Group: 2352383289 YouTube: results?search_query=tysnesfest&search_type=&aq=f External Link: www.tysnesingen.no
Del denne på facebook
stripe1

Under er ei framsyning av nokre av dei forskjellige aktivitetane som er knytta til Tysnesfest 2010


Tysnes Hestesportlag


Tysnes Hestesportlag !

Hestesportlaget er eit ungt lag som ønsker å samle hesteinteriserte på Tysnes. Me vil skape eit kjekt og sosialt nettverk rundt diverse aktiviteter med hest.

 

Laget er for alle, nybegynnere, dei meir erfarne, både dei med og uten hest.


Tysneshestesport1

Hestesportlaget har ein ridebane på Myklestad som blir brukt til ridetreningar og diverse kurs.

Me vil ynskja alle nye medlemmer hjarteleg velkomen til eit kjekt hestemiljø.

 

Leiar for laget: Elin Kleppe 99646397

Tysneshestesport2
Tysneshestesport3

Dokkegalleriet


Dokkegalleriet, Britt Kjellesvik Rage

Arrangement i Dokkegalleriet under Tysnesfest:

Velkomen til Dokkegalleriet

Under Tysnesfest vil det bli aktivitet for born på fredag 9. juli: "Lag di eiga fingerdokke". Å laga fingerdokker har vore ein svært populær aktivitet i fleire år.  Mange born har fått utfalda seg med å klyppa/lima/sy – anten etter ferdige modellar eller eigne idear. Alle fingerdokkene blir spesielle og nybyrjarar får god hjelp av vaksne.

Born i alle aldrar, gjerne i følgje med vaksne, er velkomne til å vera med. Kl 12 – 16.

Under Tysnesfest vil også utstillinga
"Barndom på Tysnes på 1950 og - 60-talet" opna med gamle leiker m.m.  – både heimelaga og kjøpte, så her kan ein koma og mimra!
Tid og stad:: Dokkegalleriet er eit kombinert dokkemakarverkstad og galleri som ligg like ved Tysnes kyrkje, 500 m frå Våge.
Utstillinga er open  både fredag 9. og  laurdag  10. juli kl 12 – 16.

Sjå meir på dokkegalleriet si nettside:

dokkegalleriet2
dokkegalleriet3 dokkegalleriet4

Til Sæters

Filmen "Til Sæters" frå 1924 vert vist i Grendatun

Torsdag 8. juli og sundag 11. juli er det duka for ei spesiell oppleving av det lokalhistoriske slaget. Dei fleste nordmenn kjenner songen om Anne Knutsdotter, men ikkje alle veit at teksten er henta frå eit syngespel som vart skrive av Claus Pavels Riis, diktaren som budde på Onarheim i mange år, som "proprietær" og amtsgartnar. Modellen for Anne i songen ser ut til å ha vore den vesle jenta Herborg Knutsdotter som budde på husmannsplassen Heio i Vattedal
I si tid var Riis ein populær forfattar i Kristiania. Han skreiv fleire syngespel som vart framførte land og strand rundt, heilt fram i vår tid.
frafilmen

Det mest populære teaterstykket hans var utan tvil "Til sæters". Under Tysnesfest vert stykket vist i ein stumfilmversjon frå 1924. Berre det er ein kulturhistorisk storhending i seg sjølv.

Før filmen viser Knut Rage bilete frå den stereotypiske biletsamlinga etter Claus Pavels Riis, som høyrer heime mellom dei aller eldste bileta som finst frå Sunnhordland - frå ca. 1865. Her kjem publikum tett inn på C.P. Riis og familien hans, i kvardag og fest

Olav Skjellevik vil fortelja om syngespela etter Riis, "Til sæters" (1850) og "Han har det strengt" (1865) - det er sistnemnde stykke som inneheld den kjende songen om Anne Knutsdotter. Publikum vil også få høyra om innspelinga av filmen "Til sæters" frå 1924.

knutrage

Før filmen vil Lise Skjåk Dalen syngja nokre av songane frå syngespela "Til sæters" og "Han har det strengt". Lise Skjåk Dalen har teke på seg ei rekkje solistoppgåver i dei seinare åra. Ho vert akkompagnert av Jurgita Bubilaite på piano.

Filmen "Til sæters" er ein stumfilm og varer ca. 85 min.
Tid og stad: Grendatun - torsdag 8. juli kl. 12 og
sundag 11. juli kl. 20

lisedalen

Borgating Improvisasjonselskap

Borgarting ImprovisasjonsSelskab

Improvisasjonsteater er, for dei som ikkje kjenner til begrepet, teater uten manus -– altså improvisert teater. Ein kjenner kanskje til navn som teatersport, micetro eller løvebakken, alle forestillingar under improvisasjonsteaterets skole. .

Vi kan garantere stor underholdning og dyp latter, et perfekt pust i bakken! Borgarting ImprovisasjonsSelskab vil vera med på å skape stemning i gatene og elles opptre på plassar du ikkje hadde forventa under Tysnesfest 2010 Sjå elles http://www.borgarting.com/Velkommen.html for meir info

borgating

 

Sist oppdatert torsdag 17. juni 2010 07:56