Tysnesfest har det maritime miljøet som gjennomgangstema. Me vil dermed prøve å vise fram nokon av dei båtane som har gått her i fjordane våre i tidlegare tider. Mang ein Tysnesing har vore passasjer på fleire av desse, nokre har og vore påmønstra som mannskap. Ta ein tur ombord, la minnene ta deg tilbake til dei fine dagane då fjorden låg speglblank og sola skein nesten heile døgnet og bekymringar kun var eit ord i ordboka til Døssland. God Tur!
Et rederselskap uten tonnasje!? Dette var stort for det Midthordlandske Dampskipselskap etter at selskapet mistet D/S Fusa under tragiske omstedigheter i 1945.
I desember 1947 kom det varsel om en ny tid; Sjøbussen Midthordland kom til Bjørnefjorden, og store forventninger i regionen var innfridd. Han var pen, komfortabel og pålitelig, selv om det var sagt at han var litt rank.
I 23 år krysset Midthordland fjordene våre, over til dels harde strekninger og i all slags vær.
For de som reiste med Midthordland var det ikke bare et spørsmål om å flytte seg fra et sted til et annet. Allerede den gang var båten en kulturinstitusjon, et sosialt lite kraftsenter. Mangt et "verdensproblem" var løst over kaffekoppen i salongen, eller ved butikken eller lageret på kaien. Varesendinger og fremmede passasjerer var ganske nøye – og kommenterte. Ikke noe annet kommunikasjonsmiddel har kunnet måle seg med Midthordland når det gjelder å knytte bånd mellom Midthordlandsbygdene. Savnet var derfor stor da ruta ble lagt ned i 1970.
For mange ble Midthordland stående som et symbol på en livskvalitet, og flere bar på en drøm om at båten på ny skulle være å se på fjorden vår. Lykkeligvis slapp ikke drømmen taket, og takk være ildsjeler ble båten hjemkjøpt i 1994
Den store kulturverdien som Midthordland representerer blir stadfestet av at han i dag har fått status som et kulturminnefartøy. Dette skulle angivelig sikre framtiden for Midthordland, slik at etterslekta og kan få oppleve de fantastiske fjordturene som så mange av oss har fått være med på.
Det er stor grunn til å takke ildsjelene for idealismen og pågangsmotet deres. Det er dette som har gitt resultatet som i dag kan oppleves hver gang Bjørnefjordens Dronning besøker hjemmebygdene sine.
Augene rann fulle av torer då me vende blikket mot sørvest i den kalde vinden. Om det var vinden si skuld eller kanskje det vakre synet på hamna, av ein kutter eller slupp, som den gjerne vart kalla her i distriktet, skal eg ikkje sei. Men dei næraste åra leita me etter eit fartøy som me kunne få kjøpt oss.
Me var fleire i byrjinga men enda opp med to mann som starta arbeidet i 1980 med å byggjar opp att fartøyet Seladon. Hud, dekk, dekkshus, rigg, motor og innreiing samt alt teknisk som skulle til for å få den sertifisert var ein stor jobb for 2 mann, men med tida til hjelp så greidde me det på 14 år, klar sertifisert for passasjertrafikk.
Då kom utgiftene som haldt på å knekka oss. Me hadde inga stønad frå det offentlege anten 50.000 kroner som me fekk kjøpt sikkerheitsutstyr for. Sidan måtte me leva som fraktemenn og tjena til livets opphald på eiga hand.
Men båten var ein kløppar til å segla og det har me gjort sidan. Motor brukar me når det krev at me må halda tider i forhold til oppdraga me har. Mange turar har me segla; sesongen er frå Mars til ut i oktober og me har no vore under segl i 16 år.
Dagleg bruk Det som undra oss mest var kor lettsegla Seladon var, ein mann klarar å heisa det storseglet som er tyngst og klarar stagvending og jibb åleina i moderat vind. I lite vind har me sett alle segl og segla jamt med moderne båtar, som ikkje er bygd for last. Det gjer at Seladon kan nyttast også i lite vind og den stillheit og "opplevingsglede" som dette gjev, fører til at stemninga ombord vert heilt spesiell. Landskapet glir forbil og det gjer tida og. Ein kan brott ta seg i å væra sett hundre år attende.
Ein gong me segla inn i ei hamn, glei opp til ein kai, og fortøyde alt medan segla vart firde, då var det ein eldre kar som møtte oss med; "Dette sko de hatt betaling for".
Tekniske data Lengde: 18.7 meter, 25 med rigg. Breidde: 5 meter Høgde: 21,5 m Passasjertal: 35 pers. på dagstur Sengeplassar: 12 faste køyer og nokre hengekøyer
Galeasen «Loyal» er en galeasrigget hardangerjakt, bygget i Rosendal i 1877 av Knut Johannesen Nes, eller Gjøra-Knuten som han ble kalt på folkemunne. Dette er samme mann som klarte å få Hardangerjakten verdenskjent fordi han også bygget «Gjøa» som Roald Amundsen brukte gjennom Nord-Vest passasjen. «Loyal» var opprinnelig bygget for transport av sild i tønner, men senere transporterte hun klippfisk og tørrfisk. Sannsynligvis er «Loyal» den eldste galeasjakt fortsatt i bruk
I 1974 kjøpte John Hausberg «Loyal».
John Hausberg og hans sønn Audun Hausberg brukte over 20 år på å restaurere «Loyal». «Loyal» er i dag i bruk som turist- og opplevelsesbåt med base i Bergen og Forlandsvåg. 7. juni 1997 ble «Loyal» resjøsatt etter restaureringen
D/S Stord 1 var bygd for Hardanger Sunnhordlanske Dampskipsselskap i 1913. og gjekk i rutefart fram til 1969. Fartsområdet var fjordane mellom Bergen og Stavanger, i hardanger og sunnhordland. Veteranskipslaget Fjordabåten overtok båten i 1981 etter at han i fleire år hadde lege som losjiskip i Oslo. Fram til våren 1987 vart det utført ei omfattande restaurering, m.a installering av dampmaskineri. Diverre vart D/S Stord 1 sterkt skadd under ein brann 14 dager etter prøveturen i mai 1987. Laget sette i gang arbeidet med å byggja båten oppatt.
Gjenoppygginga er godkjend av fortidsminneforeninga som eit forskingsprosjekt. I august 2005 kunne Stord 1 atter gå for eiga damp maskin
D/S Stord 1 har etter kvart gjort det til ein årleg tradisjon å legge turen til Tysnesfest. Til sommaren blir det 3 gang dei kjeme på besøk til oss. D/S Stord 1 har også i vinter vore til fartøyvern senteret i Norheimsund for vidare oppgradering. Slik vil ein til sommaren kunne oppdaga nye detaljer som er kommen til.. Ein betre måte å ta vare på kystkulturen vår finne knapt, og me vonar at flest muleg tar turen om bord på Stord 1 og får eit lite inntrykk av kvardagen til fjordafolket for nokon ti år sidan.
D/S Stord 1 Vil annkomme våge ca kl 10:30 på marknadsdagen laurdag 10 juli 2010
M/S Sandnes vil liggje i Våge som losjiskip for artistar og crew under Tysnesfest 2010. Dette er einaste måten ein kan klara å samla overnatting for artistane på ein plass, og sidan Tysnesfest er ein ”festival i sjøkanten” med ei målsettjing om å ta vare på kystkulturen, så er me særs nøgd med å få besøk av dette flotte skipet. Det vil bli mogleg for publikum å komma ombord på skipet.
M/S Sandnes vart bygd i 1950 for å gå som nattruteskip mellom Stavanger og Bergen.
Ho har i seinare tid hatt navna M/S Sjøkurs og M/S Gann før ho i 2007 blei tilbakeført til sine opprinnelege fargar og ligg no og kastar glans over Stavanger hamn.