| Informasjon om Frivillige på Tysnesfest |
|
Frivillige
Som frivillig under festivalen, tilfører du eit viktig bidrag, der samla innsats fører til realisering av Tysnesfest. Oppgåveområda som skal dekkjast er mange og varierte, og me treng eit frivillige mangfald, både dei som trivst i rampelys og kulissar, og dei som trivest under hektiske marknadstimar eller rolige stunder i før og etterkant.
Alle frivillige vert invitert til den årlege Skalkefesten!
|
 |
|
Gruppeleiarar
Vedkommande som inngår i rolla som gruppeleiar, er ein del av Tysnesfest sitt andlet utad. Du får moglegheit til å jobbe i eit sosialt og positivt miljø og fungerar som bindeledd mellom styret i Tysnesfest og frivillige.
|
Ei skildring av dei forskjellig grupper
|
|
Arrangement teknisk:
er gruppa for deg som likar blod, sveitte og tårer. Arbeidet i denne gruppa byrjar mandag før festivalhelga, og går fram t.o.m. mandag etter avslutta festival– så her er det behov for frivillige. Gruppa tilbyr ein unik moglegheit for deltaking i utforming av Tysnesfest sine arenaer.
|
 |
|
Artistoppfølging; om du har eit smil rundt munnen og er serviceinnstilt, om du ynskjer å bidra til at artistar som vitjar Tysnesfest, får ei fin og minnerik oppleving under festivalen, er du den rette for oss.
Crew & Artistpleie: er drifting av restaurant, garderobe, backstage og catering. Cateringen skal levere mat til småarrangementa der artistar og crew oppheld seg.
Bar: – ynskjer du å jobbe på Sunnhordland sin største utestad helga 8.-11. juli – er dette staden for deg. I pulserande kveldstimar treng me deg som trivst i hektiske miljø taklar mas og tjas
|
 |
|
Båtlivsgruppa: -er synleg i båthamna, tek i vare besøkjande båtfolk sine behov og interesser, og bistår i arbeid med Fjordabåtar i hamn og i rute. Her er gruppa for deg som er allsidig og glad i å prate med folk og fortelje sjørøvarhistorier.
Camping: -er ein viktig del av Tysnesfest! Her treng me deg som kan væra med å leggje tilrette for ein velfungerande camping, og sørgje for ein veldriven camp med gode solforhold og gode badetemperaturar. Vakthald og sikkerheit er viktige element.
|
|
Elektroservice: jobbar med tilrettelegging av straum til den enkelt arena, og treng deg som er glad i spenning(!) og har kjennskap til sikringsskapet.
Logistikk: – ha oversikt over material, utstyr og rekvisita på lager og distribusjon frå lager og ut til den enkelte arena.
Rigg/Lyd/Lys/Scene: store lyskastarar og enorme høgtalarar – her jobbar du i eit hektisk miljø, med tunge tak. Her får ein stå på scene, utan å være artist.
Rigg/Lyd/Lys/Scene Små-scene; er gruppa for deg som er kreativ og trivst med mange ballar i lufta. Her arbeider ein med små-scenar på alternative arenaar rundtom på Tysnesøya.
|
 |
|
Losji: -har ansvar for koordinering av køyplassar og innkvartering av artistar og deira crew.
Miljø: – mange oppgåver skal koordinerast før, undervegs og i etterkant! For at Tysnesfest sine arenaane vert presenterast på ein måte, der ein kvar Tysnesing og besøkjande sit igjen med ein fin oppleving, må det kontinuerlig ryddast og skeinast. Me treng deg som ser jobben kva som trengst, for å kunne gjennomføre ein rein og fin festival.
|
|
Marknadsføring: -er kjekt! Her promoterar frivillige Tysnesfest gjennom å væra gode ambassadørar utad, dele ut sommaraviser, henge opp plakatar, utsmykking av reklame på fire hjul. Her er ingen grenser!
Publikumservice: -her er kjennskap til Tysnes, Tysnesfest og festival programmet i fokus, for å kunne informere og svare på spørsmål frå besøkjande.
|
 |
|
Samferdsel: Tut og køyr og ingen køyre inn på ferjo, før eg seier…. Her er oppgåvene knytt til parkering og trafikkavvikling.
Sikkerheitsgruppa: -har ansvar for tryggleik og vakthald under heile festivalen, og er gruppa for deg med ordenssans, omsorg for medmenneske og evne til å formidle Kardemommeloven
|
 |
Og sist men ikkje minst! Økonomigruppa: søker ordensmenneske med sans for tal og evnar å få jobben gjort. Effektiv og velkontrollert cashflow på den enkelte arena! |
|