• Artistar Tysnesfest 2012
  • Artistar Tysnesfest 2012
  • Artistar Tysnesfest 2012
  • Artistar Tysnesfest 2012
  • Artistar Tysnesfest 2012
  • Artistar Tysnesfest 2012

hjelpandehand

Generalsponsor
Skrevet av Edvard Tysnes

2010stripe11
 

Tysnesfest 2012 artistar.. noko for kvar sin smak.

 

Kaizers Orchestra:

kaizers2

Janove Ottesen, Geir Zahl, Terje Winterstø Røthing og resten av Kaizers Orchestra er midt inne i den særs ambisiøse triologien«Violeta, Violeta».

Sidan terningkasta seks regna over debutalbumet ”Ompa til du dør” i 2001 og stavangerensemblet sjokkerte Noreg med sin nokså spesielle pumpeorgel-/oljefat-/heavyrock, har du knapt kunna gå en dag utan å høyre namnet Kaizers Orchestra.

Fire studioalbum, utallege utselde klubb- og festivaljobbar, ei rekke evigvarande radiohits og lansering i mange andre land seinere, var det i 2011 klart for at Kaizerne tok fatt på sitt største prosjekt nokon gong: trilogien ”Violeta Violeta”. Volum 1 ble sloppe i februar 2011, og volum 2 ble urframført på Øyafestivalen same år, med påfølgjande albumslepp i november.- Volum I var gjennomarrangert og variert i både sjanger og med hyppige skifte av musikalske tema og stemningar. Volum II er meir sjangerbevisst, har meir fokus på elgitarar, og går meir i djupna på rock- og popkategorien, har vokalist og frontfigur Janove Ottesen uttalt om albumet.

Kim Larsen & Kjukken:

KL_S2012

Sommarturnè 2012

Eit av Danmark sitt mest populære, uttrettelege og hardtarbeidande orkester, Kim Larsen & Kjukken, er alltid garantist for ein fantastisk sommarkonsert, og sommaren 2012 blir ingen unntak. Bandet vil køyre landevegane tynne i Danmark, Noreg og Sverige, og gler seg som alltid til å møta publikum under open himmel.

Repertoaret

Kim Larsen & Kjukken vil gjennom vinter og vår arbeida i øvingslokalet med ein del nye songar. Og kanskje vil ein eller fleire av desse songane vera med på repertoaret til sommarens konserter. Men det vil som alltid bli spelt songar frå heile Kim Larsen sin 40 år lange karriere, så me trur på ein god fest.


CC Cowboys

CCC_2_2011_web_FOTO_Per_Heimly
I fjor var det 20 år siden kvartetten fra Fredrikstad debuterte med, og vant Spellemannprisen for plata Blodsbrødre. Siden har CC Cowboys oppnådd en rekke utmerkelser, gull- og platinatrofeer, tusenvis av spillejobber og hatt en imponerende rekke hits. Litt på etterskudd feires 20-årsjubileet med en splitter ny studioplate i juni, og et dobbelt samlealbum i november. Sist gang CC Cowboys slapp et samlealbum – Ekko i 1998 – solgte de 130.000 eksemplarer og debuterte på førsteplass på VG-listen

Mari Boine

Mari_boine__Photo_Carina_Musk_Andersen_2

Å finna artistar til avslutningskonserten i Kjevikjo er ikkje ein enkel jobb. Etter at Mari Boine har opptredd der søndag 15. juli 2012, vil det nok bli nærmast umogleg.

Ein artist som passar betre i Kjevikjo enn Mari Bonie finn ein nok ikkje. Me er svært stolt av å kunna presentere denne verdensartisten til Tysnesfest. Ho er kanskje Noreg sin mest internasjonale musikar, og pendlar mellom opphald i Paris, Senegal og Karasjok. Bandet hennar bruker en miks av tradisjonelle og elektroniske instrument.


Aqua

Aqua700

Fyrverkeriet Lene Nystrøm og Aqua er tilbake på vegen og kjem til Vestlandet og Tysnes til sommaren.

Aqua er best kjent for sin gjennombruddssingle "Barbie Girl". Gruppa blei danna i 1994 og oppnådde stor suksess over heile verda på slutten av 1990-talet og tidleg 2000-talet.
Gruppa har solgt 33 millionar album og singlar, noko som gjer dei til det mest suksessfulle danske band nokonsinne, og det nest mest suksessrike norske band.
Alle som hadde sine ungdomsår i frå tidleg på 90-talet til byrjinga av 2000-talet, vil garantert få henta fram gode minner frå eit band som sannsynlegvis var med ein kvar fest i Noreg i denne tidsepoken. Bandet blei oppløyst i 2001, men både René Dif, Lene Nystrøm og Søren Raasted fortsatte med solokarrierar. Bandet blei så gjenforent i 2007. 14. oktober 2011 slapp dei sitt nye album «Megalomania», som betyr storhetsgalskap. Me ser stort fram til ein kveld fylt med storhetsgalskap. Det er vel liten tvil om at Aqua vil setta meir fyr i Tysnesfestpublikummet enn nokon annan artist har klart før på Gudeøya.


Gabrielle

GABRIELLE_700

Treng me å seia noko meir? Me ynskjer å tilby aktuelle artistar på Marknadsdagen vår. Me ringte til Gabrille. Heldigvis tok ho telefonen…

Då Universal Music høyrde Gabrielle sin eigen musikk for første gong, hadde dei same reaksjon som dei fleste andre. Låtane hennar kan ikkje ignorerast. Uttrykket er direkte, småfrekt og skil seg ut fra mengden.

Sidan den gong har hun sluppe monsterhitane ”Ring meg” og ”Bordet”, som begge har tatt fyr på radio- og salgslister. ”Ring meg” er Årets mest solgte norske låt, og også mest streama norske låt nokonsinne. Musikkvideoen er sett av 1,9 mill på Youtube.


Det kjem meir

Tysnesfest.no

tysnes,tysnesfest,festival på tysnes
  • KAIZERS ORCHESTRAVårt kjære publikum har blitt oppfordra om å komma med ønske til Tysnesfest 2012. Aldri har me motteke slike mengder med tilbakemeldingar om eit særskilt band. Her var det ingen over og ingen ved sidan av. Me er glad for å kunna gleda alle som har ønska seg KAIZERS ORCHESTRA til Tysnesfest 2012. Me har brukt ordlyden Norges største liveband i mang ei lansering av band til festivalen, men no er det ei glede å endeleg ønska Norges største liveband velkommen til Gjerstad og Tysnes!

  • To nye artistar klare! Aqua med Lene Nystrøm og "Ring Meg" Gabrielle.

Video produsert og publisert av: Tysnesbladet