• Artistar Tysnesfest 2013
  • Artistar Tysnesfest 2013
  • Artistar Tysnesfest 2013
  • Artistar Tysnesfest 2013
  • Artistar Tysnesfest 2013
  • Artistar Tysnesfest 2013
  • Artistar Tysnesfest 2013
  • Artistar Tysnesfest 2013
  • Artistar Tysnesfest 2013
  • Artistar Tysnesfest 2013
  • Artistar Tysnesfest 2013
  • Artistar Tysnesfest 2013
  • Artistar Tysnesfest 2013
  • Artistar Tysnesfest 2013
  • Artistar Tysnesfest 2013
  • Artistar Tysnesfest 2013
  • Artistar Tysnesfest 2013
  • Artistar Tysnesfest 2013

billettlogo

hjelpandehand

Generalsponsor
generalTSB generalkraft generalkommune
Norwegian English French German Italian Spanish

Stine Larsen er vokalist og låtskrivar. Sjølv i sin unge alder har ho lang erfaring med musikk. Ho har spela med ei rekkje dyktige musikarar, bla. med ”Big Bang”. Ho er ein scenevant artist som no vil fokusera på ei solokarriere.


Ho har vore innom ei rekkje sjangrar, men har no falle på ein sjanger ho kjenne seg komfortabel i; pop med ein følelse ”soul”.

Tekstane har ho skrive sjølv, med hjelp frå produsent og mentor Arve Furset.

Tekstane handlar om ei tid i livet til Stine som var veldig vanskjeleg, då ho i 2007 fikk ein alvorleg sjukdom.

Plata ho jobbar med no er eit resultat av dette, der ho fortel med eigne ord korleis ho fann attende til livet, mykje med hjelp av musikken.


pressebilde stine larsenFoto: Pressebilde

Stine sine egne ord:
"Å gå i gjennom ei periode i livet med smerte og sjukdom, gjorde noko med meg.
Livet mitt vart snudd på hovudet.
Dei vonde temane som kreftdiagnosa førte med seg var vanskjelege å snakka direkte om.
Difor brukte eg musikken for å bearbeida og uttrykka dei innerste tankane og følelsane eg hadde.Desse songane og tekstane er blitt eit symbol på viljen min til å villa leva.

Eg er veldig stolt og glad for at eg fekk da til, og håpet mitt er at nokon fleire enn meg likar det."

«Fly heim» er Stine si fyrste singel, og kjem ut juli. For tida arbeidar ho med debutalbumet sitt som kjem hausten 2012. Denne jenta kjem du til å høyre mykje om i tida som kjem.

Tysnesfest web