





|
Janove Ottesen, Geir Zahl, Terje Winterstø Røthing og resten av Kaizers Orchestra er midt inne i den særs ambisiøse triologien«Violeta, Violeta». Fire studioalbum, utallege utselde klubb- og festivaljobbar, ei rekke evigvarande radiohits og lansering i mange andre land seinere, var det i 2011 klart for at Kaizerne tok fatt på sitt største prosjekt nokon gong: trilogien ”Violeta Violeta”. Volum 1 ble sloppe i februar 2011, og volum 2 ble urframført på Øyafestivalen same år, med påfølgjande albumslepp i november. |
Foto: Pressefoto |
| Volum I var gjennomarrangert og variert i både sjangere og med hyppige skifter av musikalske tema og stemninger. Volum II er mer sjangerbevisst, har mer fokus på elgitarer, og går mer i dybden på rock- og popkategorien, har vokalist og frontfigur Janove Ottesen uttalt om albumet. |
|
Foto: Pressefoto |
|
|
Vel – kva anna er det eigentleg å sei. Kaizers Orchestra er Norges definitivt største rockeband per dags dato. Dei reiser rundt med ein produksjon som er enda større enn den som fylte Oslo Spektrum tidlegare i 2011. På med gassmaskene – det er klart for russisk rulett og oljefatknusing, samt songar som ”Ompa til du dør”, ”Ta kontroll på kontinentet”, ”Maestro”, ”Tusen dråper regn”, ja, sannsynet er liten for at ein einaste låt på setlista ikkje vil framkalla headbanging, dansefot, tårer, kos og klem medan sola går ned over Gjerstad. Dette kjem til å bli deira einaste konsert i distriktet i løp av sommaren 2012. Billettsalet startar 1. mars. |
|