





Kim Larsen & KjukkenSommarturnè 2012 Eit av Danmark sitt mest populære, uttrettelege og hardtarbeidande orkester, Kim Larsen & Kjukken, er alltid garantist for ein fantastisk sommarkonsert, og sommaren 2012 blir ingen unntak. Bandet vil køyre landevegane tynne i Danmark, Noreg og Sverige, og gler seg som alltid til å møta publikum under open himmel. Repertoaret Kim Larsen & Kjukken vil gjennom vinter og vår arbeida i øvingslokalet med ein del nye songar. Og kanskje vil ein eller fleire av desse songane vera med på repertoaret til sommarens konserter. Men det vil som alltid bli spelt songar frå heile Kim Larsen sin 40 år lange karriere, så me trur på ein god fest. |
|
|
Mine Damer og Herrar Seinaste utgiving frå Kim Larsen si hand, er solo-albumet «Mine Damer og Herrer», som sidan utgivinga på våren i 2010 har selt over 100.000 eksemplar. Albumet viste, at Kim Larsen stadig er knivskarp i komposisjonane og songane inneheldt alle sider av hans talent. |
![]() |
|
Heilt frå den poetiske balladen «Kom Igjen», til den muntre rockelåt «Mænd Med Måner» og til dei samfunnskritiske songane «Bitter Frugt» og «Næ Næ Næ» Kjukken Kjukken, som Kim Larsen samlet i Odense i 1995, består av sidemann Karsten Skovgaard, Jesper Haugaard på bass og Jesper Rosenqvist på trommer. Eit tett, samspelt band med eit enormt antal konsertar på samvitet. Konserter og billettsalg: Offentlegjorde konserter er alltid å finna på: www.kimlasren.dk der det også er informasjon om billettsal. |
|
Foto: Pressefoto |
|
KAIZERS ORCHESTRAVårt kjære publikum har blitt oppfordra om å komma med ønske til Tysnesfest 2012. Aldri har me motteke slike mengder med tilbakemeldingar om eit særskilt band. Her var det ingen over og ingen ved sidan av. Me er glad for å kunna gleda alle som har ønska seg KAIZERS ORCHESTRA til Tysnesfest 2012. Me har brukt ordlyden Norges største liveband i mang ei lansering av band til festivalen, men no er det ei glede å endeleg ønska Norges største liveband velkommen til Gjerstad og Tysnes!
To nye artistar klare! Aqua med Lene Nystrøm og "Ring Meg" Gabrielle.