• Artistar Tysnesfest 2012
  • Artistar Tysnesfest 2012
  • Artistar Tysnesfest 2012
  • Artistar Tysnesfest 2012
  • Artistar Tysnesfest 2012
  • Artistar Tysnesfest 2012

hjelpandehand

Generalsponsor
Skrevet av Eirik Dalland
striper7660

omoss

Tysnesfest sitt overordna mål er å bli eit kulturelt fyrtårn på Tysnes innan 2012
– som kan gje Tysnessamfunnet eit positivt løft.

Tysnes er eit øysamfunn sør for Bergen med ca 2700 innbyggjarar. Tysnesfest har valt å fordela arrangementa under festivalen rundt i dei ulike bygdene på øya. Men dei største arrangementa er plassert i Våge som er den største bygda, og som har plassering og infrastruktur som er
i stand til å handtera festivalen sine hovudarrangement.

Tysnesfest vart starta i 2007 av eit knippe ungdommar med sterk tilknytting til Tysnes, som
ynskte å skapa noko å vera stolt av og som ville gje positive ringverknader til Tysnes kommune.
Me såg oss lei på at det var lite positiv snakk om øya vår, og ynskte å gjera noko med dette.
Me er stolt av Tysnes og ynskjer at fleire skal få moglegheit til å sjå kva unik plass me bur
på og ikkje minst lever for.

Tysnesfest hadde i 2010  som målsetjing å styrka profilen sin som ein familiefestival i sjøkanten. Av den grunn fekk alle scenane eit maritimt namn. Det vart fokusert på å ta i bruk naturlege scenar i sjøkanten, gamle handelsstadar ved sjøen og ikkje minst fjordabåtane som scenar for fjordcruise. Solstråleøya, som har vore i kongeleg eige, har ein spesiell vegetasjon med ruinar
og naturlege amfi.  Det lagar ei magisk stemning. Bruk av veteranbåtar og seglskuter til
og frå denne areanen gjer det til ein samansett oppleving for publikum i alle aldrar.

Tysnesfest vil i 2012 bli arrangert for sjette året. Me har sett oss som mål å byggja opp den mest innhaldsrike familiefestivalen på Vestlandet. Me skal oppnå dette med eit målretta arbeid og fokus på ei så brei programsamansetjing som mogleg.

 

visjon

Visjonar for Tysnesfest 2012:

familiefestival kjent i heile Noreg
solid økonomi
løfta kulturlivet i kommunen/regionen
vera eit lokomotiv som kan inspirera andre til å leve ut sine draumar i eit lokalsamfunn
vera ein økonomisk bidragsytar i  prosjekt som kan løfta både Tysnesfest og lokalsamfunnet.
bidra til at Tysnes blir omtalt i ein positivt setting
innvistera i utstyr som kan komma heile lokalsamfunnet til gode
bidra til å halda liv i det lokale næringslivet, og kanskje inspirere til ny satsing
bidra til at ungdom blir tatt med i eit ungt og dynamisk miljø der dei får moglegheiter til å utvikla seg på ein positiv måte, samt få tilhørigheit til Tysnes som gjer at dei kanskje blir buande
eit program for ”alle.” Tysnesfest skal strekka seg langt for å finna noko for alle mellom 0 og 100 år.

    Kunstneriske målsetjinger

    Tysnesfest ynskjer at Tysnes sin maritime arv og samtida sin populærmusikk skal gå hand i hand.
    Tysnesfest strekkjer seg langt for at alle scenane skal ha maritim tilhøyring, og i 2010 presenterte
    festivalen seks ulike scenar i sjøkanten og ombord på gamle fjordabåtar. Dei ulike scenane formidla
    den lokale kystkulturarven. Tilkomne seglskuter og veteranbåtar transporterte besøkjande, både born og vaksne, til ulike arenaer/scenar. Teater og konsertar formidlar samtida sine forteljarkunstar og ulike musikksjangrar. På denne måten bidrog Tysnesfest til å vera eit knutepunkt mellom fortid og samtid, der historia og kystkulturen vert henta ”heimatt”, saman med samtidskulturen.

     Tysnesfest ynskjer å formidla den lokale kulturarven til både born og vaksne. Å sjå seglskuta Loyal
    med heile barnehageflokken ombord, på veg til den sagnomsuste Solståleøya for å sjå dramatisering
    av eventyrforteljingar, gjev meirsmak. Dette må me prøva å få til igjen.

     Tysnes kommune har etter kvart ein aktiv og god kulturskule for ungdom.  Lærarkreftene er gode, men har begrensa kapasitet. Tysnesfest bidrog i 2010 til å gje ungdomar eit kurs i pop og rock med profesjonelle instruktørar. Gjennom tre dagar underviste og motiverte erfarne, utøvande musikarar dei påmelde deltakarane i samspel og bandoppbygging. Som eit høgdepunkt fekk deltakarane på rockeseminaret framføra både eigenkomponert og coverlåtar for eit stort publikum, på ein av scenane til Tysnesfest. Å gje ungdom høve til både å læra og framføra, er noko me trur vil gje Tysnessamfunnet ressursar å byggja på seinare. Tysnesfest har valt å gjera dette kvalitetseminaret lett tilgjengeleg for deltakarane. Rockeseminaret er difor ein kostnadspost i rekneskapen som me ser nødvendig for å skapa denne utviklinga. Me vurderer dette som noko av det viktigaste me kan bidra med på lang sikt. Dette er med å skapa eit positivt og interessant musikkmiljø for ungdommar, som igjen er med å byggja opp rundt eit positivt samfunn.

     Tysnesfest hadde 24 deltakarar på rockeseminaret, og ungdommane har gjeve gode tilbakemeldingar med eit ynskje om nytt kurs til neste år. Alderssamansetjinga var frå 10 til 19 år.

    P7127695

    Tysnesfest.no

    tysnes,tysnesfest,festival på tysnes
    • KAIZERS ORCHESTRAVårt kjære publikum har blitt oppfordra om å komma med ønske til Tysnesfest 2012. Aldri har me motteke slike mengder med tilbakemeldingar om eit særskilt band. Her var det ingen over og ingen ved sidan av. Me er glad for å kunna gleda alle som har ønska seg KAIZERS ORCHESTRA til Tysnesfest 2012. Me har brukt ordlyden Norges største liveband i mang ei lansering av band til festivalen, men no er det ei glede å endeleg ønska Norges største liveband velkommen til Gjerstad og Tysnes!

    • To nye artistar klare! Aqua med Lene Nystrøm og "Ring Meg" Gabrielle.

    kolleksjonhjasporten

    Video produsert og publisert av: Tysnesbladet