2010stripe3

Kva finn me på? Her er aktivitetar for einkvar smak.

Rock og låtseminar

Do you wanna ROCK??

Har du EIGE INSTRUMENT, har du ei strofe i hovudet som med litt hjelp kan bli den neste ”Seila heim”-songen eller kanskje ein ny ”Sommerfuggel i vinterland”?

 Kva og korleis kan ei laga ei låt og kva kan låta handla om?

 Har du lyst til å vera med på det eine eller det andre. Eller best av alt: begge, so har du tjangs`n til til å delta på Tysnesfest rock-/ og låt-seminar I år med eit kjempeopplegg
rockseminar2012

Tysnesfest rock-/og låt-seminar 2012

Eit samspelseminar for ungdom i alle aldrar,- med rocka rettleiing av engasjerte og erfarne musikarar 

 

Tysnesfest inviterar også i år alle musikkinteresserte ungdomar til rock-/og låt-seminar 09.13. juli, med konsertframføring på stor utescene som avslutning.

Kompetente instruktørar vil stå for kvalifisert og inspirerande rettleiing i samspel og instrumentundervisning, og det vil verta mange gode ”tips og triks” å henta for dei som melder seg på! Etter 5 dagar (omlag 20 timar) med kontinuerlege bandøvingar og gruppetimar, vil dei samansette rockebanda halda festkonsert på utescena i Våge til glede for alle interesserte. Fredag kl. 15:00


Presentasjon av instruktørane finn du her:

 


 

Seminarinfo 

 
Tid:  
9.juli. (13:00-18:00) 10.-13.juli (11:00-17:00)
Stad: Tysnes Skule/Utescena i Våge.

Kvar elev stilla med eige instrument og evt. forsterker. Sanganlegg held kurset.


Prisar:

pr. elev

2 sysken

3 sysken

Rock-/ og låt-seminar

950,-

1700,-

2450,-

Seminaret held lunch for alle deltakarar alle seminardagane.

 

Påmelding innan: 1.juli 2012

 

NB: Generelle opplysingar, samt eventuelle endringar, vil verta lyst ut på TYSNESFEST sine heimesider.
Når påmeldinga di er registrert, får du informasjon om eventuelle endringar tilsend direkte (via din kontaktinformasjon).

 

Påmelding:

Seminaret har fri aldersgrense, men festivalen ynskjer at ungdom i alderen 12-18 år får eit fortrinn i påmeldinga.
Meld deg på her: button1

NB:
Seminarleiinga tar atterhald om eventuelle praktiske utfordringar knytt til påmeldinga (instrumentgrupper, bandsamansetjing, plasskapasitet. etc.), men vil strekka seg lengst muleg i å legga høva til rette for alle påmelde.

                                                     


Motorsag kunst

Øyvind Vatle Motorsag 1

Øyvind Magne Vatle kjem heilt frå Osterøy for å visa fram sin motorsagkunst for oss.

Han kjem både til å ha stand under Marknads-dagen samt at han vil halda Motorsagshow kl 14:00 på marknadsdagen.

Her får du muligheita til å sjå korleis han forvandlar ein tømmerstokk til ein fantastisk figur på 30 minuttar.

Helikopter

helikopterinfo12

Helikoptertransport under marknadsdag Tysnesfest 14.juli 2012.

Flyplass.
Flyplassen som er tenkt ligg i Vee, på ”prestajorda”, rett oppom nord for ferjekaien.
Denne er fri for kraftlinjer, ligg avsides ifht andre aktiviteter, men allikevel sentralt. Området er klarert med grunneigar/paktar.

Flyrute
Ruteplan/kart opp mot andre aktiviteter som paragliding, fallskjermhopping og underhaldning på scener.


Vis Tysnesfest 2012 i et større kart

Kommunikasjon
Radiokommunikasjon mellom helikopterpilot og paraglider, evt. rep. frå sikkerhet TF, må vera tilstades under flyaktiviteten.

Tidspunkt
Marknadsdagen vil føregå frå ca 10:00-17:00 14.juli

Avvikling
Helikoptertransport-ansvarleg  administrerer helikoptertransporten sjølv der tryggleiken til passajerer må bli ivareteken både i lufta og på bakken.
Køordning med sikkeravstand til helikopter under letting/landing. Det må vera ein ansvarleg person på bakken som passer på dette til ei kvar tid.

 

 

Skuter

 

Utan våre kjære skuter og seglfartøy vert det ikkje noko Tysnesfest!

Følgjande fartøy kjem til Tysnesfest 2012:

M/S Sandnes

M/S Midthordland

SS Loyal

SS Seladon

I tillegg vil Kv Njord og Redningskøyta ta turen.

Det vil i god tradisjon verta arrangert bluescruise, transport til Solstråleøya og fleire andre spanande turar på sjøen, samt kurs I segling.
Følg med i programmet for fullstendig info.

loyalSS Loyal
midthordlandM/S Midthordland seladonSS Seladon MS sandnesM/S Sandnes

Pelle Politibil

Pelle Politibil har 25 års jubileum i 2012. Då er det 25 år sidan Pelle Politibil for første gong blei avslørt i all offentligheit. Den gong i ”Barnetimen for de minste” i NRK Radio. Og gudmora var Eli Rygg som døypte Pelle i raudbrus.
Sidan den gong har Pelle vore allemannseige, gitt ut plater, vore barne TV-serie på NRK, spela inn to filmar, og med den tredje filmen på veg.

No skal Pelle ut i full størrelse og elektrisk utgåve på turné med ein helt ny førestelling!

 

Bodil Borgermester har nettopp varsla om fleire tjuveri i byen. Presten sin gitar og Politimesteren sitt festantrekk er noko av det som har blitt stjåle. No er det opp til Politimesteren, onkel Richard og Stina student å oppklare kven som står bak tjuveria. Det er viktig at dette blir oppklart før den store Byfesten!

Politimesteren sender onkel Richard og Stina student ut på patrulje for å leite etter tjuven, men dei har ikkje nokon politibil. Stina nektar å bli med før onkel Richard skaffar ein ordentleg politibil.
Kan Pelle Politibil komme dei til unnsetning, og finn dei tjuven
Presse bilde Pelle Politibil

pelle1

Solstråleøya

 Tysnesfest gjentar sykse`n med å ha førestilling i dei “djupe” skogane på Solstråleøya for barn i alle aldrar.
Dette er eit dag fyrst og fremst for dei unge, men passer til alle som er glad i eventyr.

Me set stor pris på at «vår eiga» Malin Aakre tek med seg sine fagfeller heim, Vanja Starheim og Kristine Gulbrandsen, for å laga ein magisk dag for dei små på Solstråleøya.

Dette er ei oppsetting som er skrive for Solstråleøya og Tysnesfest!

Dei grufulle Pirripiffene leverer eit skummelt brev til den lille Skyggen. Brevet fortell at dersom den lille Skyggen ikkje finn nokon å skygge for innen tre dager kommer han til å bli forvandla til ein gråstein for alltid

 

 Presse bilde solstraleoyaIllustrasjon: Emma Dunn Børresen
Dette gjer den lille Skyggen trist fordi han har leita over heile Solstråleøya uten å finne noko eller nokon som helst å skygge for. Kva skal han gjere no?
Den lille Skyggen føler at alt håp er ute heilt til Mosen Tulu og Gresstrået Ripo dukker opp.

Disse to er på Solstråleøya for den årlige pikniken, men vert avbrutt da dei høyrer lyden fra den gråtkvalte Skyggen, og går for å hjelpe.


Mosen Tulu og Gresstrået Ripo prøver alt mulig for å hjelpe den lille Skyggen til å finne sin skyggeplass før tida renner ut. Dette viser seg å være svært vanskelig, spesielt når dei grufulle Pirripiffene kommer tilbake med eit nytt og enda skummlere brev.
Korleis skal dette gå?

Kom til Solstråleøya den 13 juli og finn det ut!

Jentene på Solstraleoya 2012

Sjørøvertokt

Skip`hoi adle sjørøvera å usle landkrabba, bli med på sjørøvertokt om du tør!


Da går rykte om at den forsvunne fantastiske mystiske glitrande flotte superduper kostbare skatten som sjørøvere frå di åtta fem niti elle va da sju hav har leita itte i uminnelige tider er i Vågeområdet.


Havets Skrekk og Bloddy Harry har fått tak i skattekartet. Trekk sabel og bli med på sjårøvertokt  , om du tør!

 

Meir informasjon om tid og stad for mønstring av sjørøverkuta vil koma etterkvart.

Det kan vera fare for å verta "Shanghaia" så pass på.

sjorover

Galleriet på Breidablikk

Tysnesfest 2012

 

 

 

Arrangement i  Galleriet på Breidablikk fredag 13. og laurdag 14. juli

 

Utstilling av bringeklutar frå Tysnes – gamle og nye!

Barn kan laga ei lita Tysnesdokke

 

På Tysnes har det vore eit stort mangfald av bringeklutar. Denne utstillinga vil visa eit utval av dei, samt nye bringeklutar som også vil vera for sal.

 

Barn kan få laga ei lita Tysnesdokke. Fingerdokker har vore ein  populær aktivitet på Tysnesfest i fleire år, og denne gongen kan du få laga ei Tysneskone- eller mann.

Kr 50,- for fingerdokkeaktivitet.

 

Stad og tid: Galleriet på Breidablikk ligg på Gjerstad, 500 m frå Våge – v/Tysnes kyrkje. Fredag 13. og laurdag 14. juli  kl 12 - 17.





Tysneskone og mann 2012
Hjartebringeklut
Bringeklut med gron bord Bringeklut med roser
 

Laukhammar Fritid

top 

Festivalmeny torsdag 12. juli

Forretter:

Fiskesuppe

Lefse m/smøreost og reøykelaks

Hovedretter:

Lammesteik

Ovnsteikt laks i fløytesaus

Desserter:

Karamellpudding

Heimalaga is m/sommerbær

3 retter kr 450,- pr.pers

For bestilling ta kontakt på tlf 99331168 el

e post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Søndag 15. juli: Søndagsmiddag m kl 13-17.

Elles er me opne på bestilling.

www.laukhamarfritid.com 

 

Overnatting:

Laukhamar Fritid kan tilby overnatting.

Me har 4 rom m/bad. Alle romma har også ekstraseng.

Prisen på romma er kr 600,- pr.pers i dob.rom, kr 800,- pr.pers i enkl.rom, kr 500,- pr.ekstraseng. Prisane inkl. frukost.

Haaheim Gård

Program på Haaheim på Tysnesfest

Torsdag 12 juli

Restaurant og hage open fra 1300

1300-1600 champagnelunsj med champagne fra 3 slott

1900  vinsmaking , vi smaker oss gjennom musserande, kvite og raude  kr 400

2000  4 retters middag inkl vinpakke   kr 900 (kr 1200 inkl vinsmaking)

Fredag 13 juli

Restaurant og hage open fra 1300

1300-1600 champagnelunsj med champagne fra 3 slott

1300/1500 hagevandring  med Haaheim sin eigen gartner Ingrid Lunde

1400 ”Lommetørklets flørt og spill” med Ailie Jane Reid

1900  vinsmaking , vi smaker oss gjennom musserande, kvite og raude  kr 400

2000  4 retters middag inkl vinpakke   kr 900 (kr 1200 inkl vinsmaking)

Laurdag 14 juli

Restaurant og hage open fra 1300

1300-1600 champagnelunsj med champagne fra 3 slott

1400 ”Lommetørklets flørt og spill” med Ailie Jane Reid

1900 Opera på Haaheim, Sopran Ailie Reid kjem igjen å vitjar oss ,3 retters middag og konsert kr 625.

Søndag15 juli

Restaurant og hage open fra 1300

1300-1600 champagnelunsj med champagne fra 3 slott

1400 ”Lommetørklet  sin flørt og spill” med Ailie Jane Reid

1300/1500 hagevandring med Haaheim sin eigen gartner Ingrid Lunde

1900 Opera på Haaheim, Sopran Ailie Reid kjem igjen å vitjar oss ,3 retters middag og konsert kr 625.

 

Tinging av bord;   Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.   

 

Rekkjetunet

Utstilling og konsert

Det vert konsert og utstilling i det gamle Rekkjetunet på Færavåg.

 

Les full informasjon her:

rekkje
Share