| Om Tysnes, Gudane si øy |
![]() |
![]() |
Tysnes har hatt mange namn opp gjennom tida. Frå gammalt av vart øya kalla Njardarlog (norrønt: Njarðarlǫg). Dette namnet stammar frå guden Njord, som mellom anna var guden for vind og hav. Under reformasjonen rundt 1530, vart dette namnet sett på som heidensk og endra til Tysnes. Dette var namnet på området der prestegarden låg. Det dei kanskje ikkje tenkte på, er at namnet Tysnes stammar frå Tyr, og at dette kan peika tilbake til namnet på den norrøne krigsguden, eller ein heidensk himmelgud. Desse to namna har altså parallelle utspring i heidensk mytologi før Kristus. |
|
Sjølv om øya etter reformasjonen ikkje lenger heitte Njardarlog offisielt, var det framleis dette namnet som vart brukt på folkemunne. Utpå 1800-talet tyder kjelder på at namnet over tid hadde endra seg frå Njardarlog til Gierlou Øen. Dette endra seg seinare til Jarløen. Til slutt enda det opp med å verta Tysnes. Etter 300-400 år var altså namnet Tysnes komme inn i daglegtalen til tysnesingane |
|
![]() |
|
|
Ettersom tida har gått har Tysnes vorte ein kommune med eit mangfold av ulike lag og organisasjoner. Eit vel av lag i alle kategoriar frå forskjellige typar idrett, musikk, ungdomslag, kristen organisajoner, ulike pensjonistlag, kystlag og bygdalag. Alle desse lag vert drevet på dugnad, ei dugnadånd som på Tysnes lever i beste velgåande og som er ei viktig drivkraft og ein enorm ressurs me set stor pris på. Tysnes, her trivst folk! Dette er innleiinga i kommunen sin guide frå Tysnes, og det er heilt korrekt. Dersom du er ute etter ein plass der det er eit trygt og godt oppvekstmiljø, ja då er dette plassen for deg. |
|
|
Me har bruk for alle. Folketallet på Tysnes har i lange tider vore nedadgåande. Det ønskjer me å snu. Derfor inviterer me alle til å koma til Tysnes og slå seg ned. Ta med deg familien og flytt vekk frå byens larm og støy, ut til denne perla som ligg midt mellom Bergen og Stord. |
|
|
Kva kan me tilby? Jau, me kan tilby ein tilværelse fri for svevestøv og rushtrafikk. Med fin natur både til lands og til vanns. Og for ikkje å gløyma, eit fantastisk kulturliv der det bugnar av tilbud. Tysnesfest er eit godt eksempel på dette: Drevet på entusiasme og pågongsmot er Tysnesfest vorte ein festival som vert omsnakka langt utover kommunen sine grenser. |
|
| ..og ellers har me | |
|
Fjellheimen: Tysnessåta, som ligg oppe til høgre i bilete, er høgste fjellet i kommunen med sine 753 m. Utsikten er upåklageleg med sikt i alle himmelretningar. |
|
| Utsikt frå Vestrafjellet mot Gjersvik Foto:Edvard Tysnes | Bygdene: |
![]() |
Våge Tysnes består av fleire bygder, der Tysnesbygda eller Våge er kommunens handelssenter. Her ligg og Tysnes Skule som er den einaste i kommunen med ungdomsskule. Rett ved Tysnes Skule ligg Tysneshallen, ein fleirbrukshall som husar bowlingbane, idrettshall, bibliotek, musikkrom og treningsrom for styrke og spinning. Den vart åpna i August 2004 og har vore av stor betydning for idretten på øya og spesiellt for handball. I tillegg vert det arrangert årlege yrkesmesser og dansegalla. |
| Frå Ravnanuten mot Våge Foto:Edvard Tysnes |
|
![]() |
Lunde: Dette område strekkjer seg frå Lukksund til Humlevik. Her finn du gjestehamn, bank og daglegvarer. Snøggbåten stoggar på Malkenes. Mellom Lunde og Nymark køyrer du forbi Vevatnet, det heilage vatnet, eingong eit åndeleg sentrum for heile Vestlandet. Kilde:Tysnes kommune |
| Lunde og Homlevikjo Foto: Lena Helvik | |
![]() |
Onarheim: |
| Onarheim og Skjeleviksundet Foto: Frode Leikvoll | |
![]() |
Uggdal: Uggdal er kommunesenteret i Tysnes. Her finn du lensmannskontor, likningskontor, Nav Tysnes, lokalavisa Tysnesbladet og lege m.v. I tillegg finn du daglegvareforretning, post i butikk, bank og overnatting. Kilde: Tysnes Kommune. |
| Kommunehuset Kilde:Tysnes Kommune | |
![]() |
Reksteren:
|
| Bårsund mot Reksteren Foto: Torbjørn Kaland | |
![]() |
Historie: Tysnes sin historie går langt tilbake til førkristen tid. Det gamle navnet Njardalog vart omtalt så tildleg som i eldre jernalder. Sentralt i historien er Vevatnet i Lunde. Det er rekna som eit heilagt vatn og mytene rundt vatnet er mange. Fornminner kan ein finna svært mange plassar på øya, det kan i enkelte høve verta for mykje av det gode. Det set store krav til planlegging dersom ein skal kunna få nytte av det arealet ein har til rådighet. |
| Padletur i Vevatnet, Lunde Foto: Edvard Tysnes |
|
| ...det er ikkje noko å lure på, kom til Tysnes du og, me treng deg! | |