• Artistar Tysnesfest 2012
  • Artistar Tysnesfest 2012
  • Artistar Tysnesfest 2012
  • Artistar Tysnesfest 2012
  • Artistar Tysnesfest 2012
  • Artistar Tysnesfest 2012

hjelpandehand

Generalsponsor
Skrevet av Edvard Tysnes
Informasjon om  frivillige på Tysnesfest

Frivillige

Som frivillig under festivalen, tilfører du eit viktig bidrag, der samla innsats fører til realisering av Tysnesfest. Oppgåveområda som skal dekkjast er mange og varierte, og me treng eit frivillige mangfald, både dei som trivst i rampelys og kulissar, og dei som trivest under hektiske marknadstimar eller rolige stunder i før og etterkant.

 

frivillig2

Gruppeleiarar

Vedkommande som inngår i rolla som gruppeleiar, er ein del av Tysnesfest sitt andlet utad. Du får moglegheit til å jobbe i eit sosialt og positivt miljø og fungerar som bindeledd mellom styret i Tysnesfest og frivillige.

Ei skildring av dei ulike gruppene

Arrangement teknisk:

er gruppa for deg som likar blod, sveitte og tårer. Arbeidet i denne gruppa byrjar mandag før festivalhelga, og går fram t.o.m. mandag etter avslutta festival– så her er det behov for frivillige. Gruppa tilbyr ein unik moglegheit for deltaking i utforming av Tysnesfest sine arenaer.

frivillig8

Artistoppfølging;

om du har eit smil rundt munnen og er serviceinnstilt, om du ynskjer å bidra til at artistar som vitjar Tysnesfest får ei fin og minnerik oppleving under festivalen, er du den rette for oss.

Crew & artistpleie:

er drifting av restaurant, garderobe, backstage og catering. Cateringen skal levere mat til småarrangementa der artistar og crew oppheld seg.

 

dugnad10
Bar:
– ynskjer du å jobbe på Sunnhordland sin største utestad helga 11.-15. juli er dette staden for deg. I pulserande kveldstimar treng me deg som trivst i hektiske miljø, samt taklar mas og tjas.
frivillig6

 

Camping:

-er ein viktig del av Tysnesfest! Her treng me deg som kan væra med å leggje tilrette for ein velfungerande camping, og sørgje for ein veldriven camp med gode solforhold og gode badetemperaturar. Vakthald og sikkerheit er viktige element.
frivillig3

Elektroservice:

jobbar med tilrettelegging av straum til den enkelt arena, og treng deg som er glad i spenning(!) og har kjennskap til sikringsskapet.

 Rigg/Lyd/Lys/Scene:

store lyskastarar og enorme høgtalarar – her jobbar du i eit hektisk miljø, med tunge tak. Her får ein stå på scene, utan å være artist.

Rigg/Lyd/Lys/Scene Små-scene;

er gruppa for deg som er kreativ og trivst med mange ballar i lufta. Her arbeider ein med små-scenar på alternative arenaer rundtom på Tysnesøya.
Torsdag5

Miljø:

– mange oppgåver skal koordinerast før, undervegs og i etterkant! For at Tysnesfest sine arenaer vert presenterast på ein måte, der ein kvar Tysnesing og besøkjande sit igjen med ein fin oppleving, må det kontinuerlig ryddast og skeinast. Me treng deg som ser kva som trengst for å kunne gjennomføre ein rein og fin festival.
laurdag 058

Marknadsføring:

-er kjekt! Her promoterar frivillige Tysnesfest gjennom å væra gode ambassadørar utad, dele ut sommaraviser, henge opp plakatar, utsmykking av reklame på fire hjul. Her er ingen grenser!

 

Torsdag 028

Samferdsel:

Tut og køyr og ingen køyre inn på ferjo, før eg seier….
Her er oppgåvene knytt til parkering og trafikkavvikling.

Sikkerheitsgruppa:

-har ansvar for tryggleik og vakthald under heile festivalen, og er gruppa for deg med ordenssans, omsorg for medmenneske og evne til å formidle Kardemommeloven
Laurdag2
Og sist, men ikkje minst!
Økonomigruppa:
søker ordensmenneske med sans for tal og evnar å få jobben gjort. Effektiv og velkontrollert cashflow på den enkelte arena!

Tysnesfest.no

tysnes,tysnesfest,festival på tysnes
  • KAIZERS ORCHESTRAVårt kjære publikum har blitt oppfordra om å komma med ønske til Tysnesfest 2012. Aldri har me motteke slike mengder med tilbakemeldingar om eit særskilt band. Her var det ingen over og ingen ved sidan av. Me er glad for å kunna gleda alle som har ønska seg KAIZERS ORCHESTRA til Tysnesfest 2012. Me har brukt ordlyden Norges største liveband i mang ei lansering av band til festivalen, men no er det ei glede å endeleg ønska Norges største liveband velkommen til Gjerstad og Tysnes!

  • To nye artistar klare! Aqua med Lene Nystrøm og "Ring Meg" Gabrielle.

Video produsert og publisert av: Tysnesbladet